ArrowArrow
ArrowArrow
Shadow
Slider

ET PARADIS FOR FJELLENTUSIASTER

Spiterstulen ligg 1111 moh. ved den gamle ferdselsvegen gjennom Visdalen i Lom. Rundt midten av 1800-talet vart sætra bygd på med gjesterom der ferdafolk overnatta, og det var drive komersiell fjellføring til Galdhøpiggen for vandrarar. Spiterstulen var opprinneleg sæter til slektsgarden Nigard Sulheim og er utbygt og modernisert gjennom fleire generasjonar. Det gamle preget er teke vare på med små og store hus samla i tun.

I den lune og frodige Visdalen finn du rik flora, pludrande bekkar, attgrodde dyregraver og sagnomsuste sætertufter. Området byr på flotte aktivitetar og turar for familiar, men også avanserte fjellturar med mellom anna tilgang til 17 av dei høgaste toppane i Noreg.

Våre gjesterom varierar fra småstuer og familieeiningar med bad til ungdomsavdelingar med køyesengar og felles vaskerom. Vi har overnatting til omlag 220 gjester. I tillegg har vi eigen teltplass og oppstillingsplass for bubil med sanitæranlegg inntil, her er det og drikkevatn. Det er tømestasjon for toalett og gråvatn, og moglegheit for å fylle ferskvatn.

Sesongen på Spiterstulen er frå rundt 1. mars til rundt 1. Mai og frå rundt 20. Mai til rundt 10. oktober.

Spiterstulen - gir hverdagen et pusterom!

Gammelstra
Spiterstulen var opprinnelig en setergrend til slektsgarden Sulheim som ble utvidet for gjester første gangen i 1836.
Skautfossen
Spiterstulen ligger på 1100 meter ved skogsgrensen i den lune og frodig Visdalen.
DSC0103-3
Prøv å jobb i fjellet, og få deg noen positive opplevelser som blir gode varige minner samtidig.